Jentegjengen fra Stranda har lenge hatt en drøm om å bygge en skole i Afrika. De kontaktet Sabona, og lurte på om det var noe de kunne bidra med i Zimbabwe!
Small effort – Big difference!
Vi er ein liten gjeng venninner fra Stranda, derav ca halvparten av oss no er busett i Oslo. Vi har no starta opp eit prosjekt vi kallar “little Stranda”, som inneber at vi skal samle inn mest mogleg pengar til ein skule i Dopota, Zimbabwe. Heile prosjektet starta opp som ein spøk av nokre av oss, men har no blitt ein seriøs plan sett ut i livet. I utgangspunktet hadde vi ambisjonar om å bygge ein ny skule, men med dagens finanskrise (som også rammar Afrika), blei det for kostbart. I staden har vi ved hjelp av vår samarbeidspartner Sabona (http://www.sabona.no) funne denne skulen som vi skal ruste opp og delvis bygge ny. Her trengs blant anna nye klasserom, per i dag har dei eitt klasserom i bruk – til 280 elevar!
Av alle gode formål vi kunne velge å gi pengar til, har vi vald å støtte utdanning. Dette fordi vi meiner at utdanning og skule er avgjerande for framtida til desse barna. Ved hjelp av utdanning, kan dei kanskje få realisere draumane sine i framtida. Kunnskap er nøkkelen!
Vår samarbeidspartner Sabona er ein liten grasrotorganisasjon som har mange prosjekt i Zimbabwe. Dei satsar på hjelp til sjølvhjelp, som inneber at lokalbefolkninga er involvert i alle ledd i prosjekta. Dette for å sikre at hjelpa ikkje berre er her og no, men levedyktig og for framtida. Vi liker måten Sabona jobbar på, og deira engasjement, og vi har stor tru på dette samarbeidet. Sabona har hjelpt oss å ordne med konto og oppstart, elles så er dette eit heilt sjølvstendig prosjekt som vi har full kontroll over. Når pengane er samla inn, vil Sabona sette i gang opprustinga av skulen, og vi vil muligens reise til Zimbabwe etter kvart. Vi skal undervegs i prosjektet oppdatere kor mykje vi får inn, kva vi har på gang av aktivitetar, og mykje anna. Følg med på Facebook eller på hjemmesiden vår: http://www.littlestranda.com
Vi vil bruke ulike måtar å prøve å få samla inn pengar på, og er opne for fleire forslag! Noko av det vi har tenkt på er stand på Strandadagane i september, der vi vil selge svele og kaffi, veldedighetsfest i oktober, veldedighetsfestar i Oslo etter kvart, fri til bedrifter og lokale instansar, venner, familie, osv. Vi håper å engasjere ei heil bygd, kort og greitt ![]()
Kontoen er i alle fall no komen på plass, så om det er nokon som vil komme med bidrag er det berre å sette inn penger på kontonummer 1254 20 44886 . Alle bidrag vil bli mottatt med stor takk, og ingen bidrag er for små! Saman kan vi gjere forandringar!
26/04 - 2010
Nyhetsbrev:
Takk for en fantastisk kveld på Latter!
23/04 - 2010
Presse:
LokalavisenFrogner: Le med god samvittighet!
19/04 - 2010
Nyhet! StandupAid får storbesøk!
18/03 - 2010
StandUpAid:
Velkommen til StandupAid 2010!
04/03 - 2010
Sandvika Rocklab spiller Beatles` White Album i Bærum Kulturhus 5 og 6 mars: Velkommen!
Vi har mange flotte og verdifulle partnere. Noen har bidratt tidligere til Sabona, og noen er faste følgesvenner. Våre partnere tar sosialt ansvar og deres engasjement har enorm betydning for Sabona og prosjektene de bidrar til å realisere.








